Rønneberghuset
– Malt innvendig og utvendig med Wibo Linoljemaling.
Før maling
Etter maling med Wibo ekte linoljemaling
Om Rønneberghuset
Rønneberghuset er hovedhuset på ein gamal kjøpmannstad på Larsnes, i Sande kommune, Møre og Romsdal. Det ligg fint til ved den gamle sjøleia, nord for Stad og sør for Ålesund.
Etter ein storbrann i 1878 vart Rønneberghuset reist opp igjen saman med 3 andre gardshus. Huset er i sveitserstil, reisverk i tømmer, med t-post og krysspost vindauge og opprinneleg med firkantskifer på taket.
Rønnebergslekta hadde gardshusa i eige fram til 2016, då kjøpte Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen husa og ein del av eigedomen. Forfallet var omfattande men i 4 år har paret restaurert hovedhuset og forsøkt sett det attende til fordums prakt. Tapeter, fargar, listverk, tak, gulv, planløysing samt tilbakeføring av skifertaket, vindu,og vøling av flott høvla bordkledning.
Både inni og utenpå har det blitt nytta linoljemaling samt vøling etter antikvariske prinsipp så langt det har lete seg gjere.
Eksteriøret hadde opprinneleg ein farge i oxidsvart, ein farge som framstår isblå i vårt nordiske lys. Eigarane valgte å gå for ein farge som hadde varme i seg, noko som også passa inn i heilskapen i tunet, og gjekk for ein gamal historisk farge med pigmentet Jernoxidbrun som hovedfarge og nyanser av Grøn Umbra. I det kvite er det alltid iblanda litt grøn umbra. Dette er Jonny Spangen nøye med å passe på.
Huset har «alltid» vore kvitt i manns minne, så det vart litt engasjement rundt fargeskifte av dette «landemerket», men no når huset framstår i sin nye farge har det vore mange godord å høyre. Eigarane er godt nøgde med både vøling og fargeskifte av huset.
– Spesialblanda maling frå Mijømal, samt fantastisk rettleiing frå Jonny Spangen, har vore viktig for oss i denne omfattande prosessen i restaureringa av både interiør og eksteriør.
Nokre detaljer gjenstå enno, så følg med på fb sidai det vidare arbeidet med huset og tuna.
fb:Rønneberghuset og ig: @ronneberghuset
Venleg helsing Inger-Anne Almestad